Styret har vore:
- Leiar: Jan Egil
- Sekretær: Sissel
- Kasserar: Ingvill
- Vara: Ola Steinar og Oddgeir
Aktivitetar siste året:
- Skipingsmøte i mars
- Medlemskveldar/quizkveldar
- Jubileumsfest
- Trimgruppe
- Vardevakt
På jubileumskvelden var det godt oppmøte. Det vart og arrangert to quizkveldar og sjølv om oppmøtet var noko svakare enn vi hadde håpa var stemninga god.
Vardevakt kom ut tre gonger i året som gjekk, og det har vore god oppslutning i redaksjonen.
Trimgruppa har vore særs aktiv, og har arrangert regelmessige treningskveldar. Jevnt over har det vore god oppslutning om dette.
Det har vore helde tre styremøter i året som gjekk.
Budsjettet er etter forholda godt og vi ligg i overskot på arrangementa vi har helde, men vi har og hatt nokre investeringar dette året. I samarbeid med Nesjane Krins og Utviklingslag har vi investert i eit lydanlegg for bruk til ymse arrangement, og det har blitt investert noko til utstyr i trimgruppa.